[AVLYST] Hausttur til Lindås
Praktisk info
Fra: 13.09.2024 16:00
Til: 15.09.2024 15:00
Adresse: Westland hotel AS, Kvalen, Lindås, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Antall ledige plasser: 25
Pris fra: 3300.00 kr
Ledere
Hjørdis Maria Longva
Arrangementet er stengt for påmelding
Bli med på sosial helgetur med andre soppinteresserte til Lindås.
Bergen sopp- og nyttevekstforening sin årvisse langtur går i år til Lindås, og alle medlemmar er hjarteleg velkomne til å bli med.
Vi bruker helga til å utforske området, plukke sopp, studere nye artar og vere sosiale.
Fredag kveld blir det velkomstsamling og presentasjon av aktuelle turar dagen etter, før vi rundar av med middag. Laurdag legg vi ut på sopptur etter frukost og møtest att på ettermiddagen for å artsbestemme og lage ei utstilling med artane vi finn. På kvelden satsar vi på å få til eit fagleg føredrag før middag om kvelden. Søndag etter frukost setter vi kursen til skogen igjen for eit ekstra “sopp-stopp” på heimvegen, og felles lunsj i det fri hvis været spelar på lag, før vi setter kursen mot Bergen igjen.
Forutan overnatting inkluderer billetten frukost, nistepakke laurdag og søndag, enkel middag fredag kveld og enkel middag laurdag kveld.
Lindås ligg ein knapp times køyretur nord frå Bergen. Vi satsar på å koordinere samkøyring når det nærmar seg.
Meir informasjon om det programmet og det praktiske for turen kjem.
PRISAR
Pris enkeltrom fre-søn kr 4300,-
Pris per person i dobbeltrom fre-søn kr 3300,-
Begrensa antall plasser (ca 25 rom).
OBS:
Vi ber om at du oppgir eventuelle diettrestriksjonar ved påmelding i kommentarfeltet.
For dobbeltrom: Oppgi kven du vil dele rom med ved påmelding i kommentarfeltet.
Påmelding med betaling seinast torsdag 15. august.