Tang- og tarekurs

Praktisk info

Fra: 20.05.2026 18:30

Til: 25.05.2026 16:00

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Pris fra: 600 kr

Ledere

Bestill / Meld på

Påmeldingsfrist: 18.05.2026 00:00

Lær å bruke tang og tare!

Visste du at tang og tare er nokre av dei mest næringsrike plantene på jorda? Og her på Vestlandet har me gode moglegheiter til å sanke langs kysten. Kom og bli med på tang- og tarekurs med Irene Evensen, som har brukt tang og tare i fleire år og som er ein erfaren kursholdar.

Kurset består av ein teoridel på Realfagsbygget i sentrum onsdag 20.05, og så ein sanketur til Ormhilleren måndag 25.05 (andre pinsedag).  På teorikvelden deler Irene av kunnskapen sin om mange ulike artar tang og tare, slik at de kan bli kjent med dei før me skal ut og sanke. Det blir smaksprøvar, både ferske, sylta og tørka. Andre pinsedag møtes me på Ormhilleren for å sanke i fjæra og identifisere det me har lært om.

På kurset får ein innføring i korleis ein skal kjenne igjen dei mest vanlege sortane tang og tare. Ein lærer om bærekraftig sanking, konservering (tørking, frysing, sylting, fermentering) og næringsverdi, samt tips og triks til matlaging. Alle som deltar på kurset får tilsendt presentasjonen som blir brukt, tips og oppskrifter samt plansjer. Ein treng ingen forkunskapar for å melde seg på kurset.

Til turdelen må ein ha med støvlar, noko å sanke i (bøtte, pose eller sankenett), saks eller kniv til å skjære tangen med, samt mat og drikke.

Me er avhengige av nok påmeldte for at kurset blir gjennomført.