Grunnkurs i Nyttevekstar

Praktisk info

Dato: 06.06.26

Tidspunkt: 12:00 - 16:00

Adresse: Heggebakken 2, 5018 Bergen, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Pris fra: 400 kr

Ledere

Bestill / Meld på

Påmeldingsfrist: 24.05.2026 00:00

Lær å hauste frå naturen sitt skattkammer

På dette kurset vil ein stifte kjennskap til dei vanlegaste viltveksande grøne matplantene i norsk natur, dobbelgjengarane deira og viktige giftplanter. På kurset lærer ein kjennetegn for 10-12 ville matplanter og de vanligste giftplantene. Kurset passer alle som er interessert i natur, planter og mat og krev ingen forkunnskaper.

Kurset er delt mellom ein nettbasert teoridel, og ein praktisk tur i Musehagen og nærliggande områder. I kursprisen får ein tilgang til nettkurset levert av NSNF, med presentasjonar og øvingsmateriale. Ein må sjølv sørge for å gå gjennom teoridelen på eiga hand før ein møter opp på turen.

Kurset gjennomgår prinsipp for berekraft og sankevett, sikker identifikasjon og korleis ein kan gjenkjenne og unngå giftige forvekslingar. Kjenneteik og utsjånad, veksestad og sesong for dei viktigaste matplantene blir gjennomgått i detalj. Til slutt vil ein lære om bærekraftig sanking, oppbevaring, tilberedning og konservering for ville urter og bladgrønsaker.

Den praktiske delen av turen skjer kl. 12, laurdag 6. juni kl 12.00. Oppmøte er Heggebakken 2, bakinngangen til Bergen Katedralskole. Ein må kle seg etter forholda. Ta gjerne med niste, noko å drikke og eit sitteunderlag. Turen varer i fire timar.

Me er avhengige av nok påmeldte for at kurset vert avholdt.