Grunnkurs i soppkunnskap
Praktisk info
Fra: 01.09.2026 17:30
Til: 14.09.2026 20:00
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Pris fra: 800 kr
Bestill / Meld på
Påmeldingsfrist: 28.08.2026 00:00
Kurs for nybyrjarar, teoridelen på nett og to turar med soppsakkunnige
Dette er eit kurs for deg med lite eller ingen forkunnskap om sopp, men som har lyst til å lære å plukke matsopp. Teoridelen av kurset er nettbasert. Her lærer du minst ti av dei matsoppane som er gode å starta med, og du blir også kjent med forvekslingsartar. Kurset tar i tillegg for seg dei farligaste og vanlegaste giftsoppane. Kvar art blir grundig presentert med foto, skildring og undervisningsfilm. Du får testa kunnskapane dine gjennom ulike quizar.
Soppkunnskap er ikkje noko ein kan lese seg til åleine. For å bli trygg på artane, må du ut i skogen for å gjera deg kjend med soppane. I tillegg til teorikurset tilbyr Bergen Sopp- og Nyttevekstforening to spesielt tilpassa turar med sertifiserte soppsakkunnige som turleiarar. På turen får du sjå fleire (og meir spesielle for vestlandet) matsoppar enn dei 10 som er presenterte i nettkurset.
Den fyrste turen går til Langeskogen, tysdag 01.09. Me møtest på parkeringsplassen til Rema 1000 Fjøsanger kl. 17.30 og går opp i skogen derifrå.
Den andre turen går til Melkeplassen/Krohnegården, måndag 14.09. Møt opp ved parkeringsplassen til badeplassen kl. 17.30.
Me tar atterhald om nok påmeldte til å arrangera kurset.