Bli kjent med ulike tang- og taresortar – AVLYST
Praktisk info
Fra: 15.05.2024 18:00
Til: 01.06.2024 18:00
Adresse: Åsane Kulturhus, Åsane Senter 52, 5116 Ulset, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Pris fra: 600 kr
Ledere
Astrid Sandvik
Arrangementet er stengt for påmelding
Bli kjent med ulike tang- og taresortar i lag med Irene Evensen
KURSET ER DESSVERRE AVLYST
Kurset er todelt, med teori onsdag 15. mai på Åsane kulturhus, og tur ut til Golta laurdag 1. juni.
Kurset følgjer studieforbundet sitt fagkurs nr 416.
Teoridelen fortel kva me skal sjå etter og rekna med å finne av ulike vekstar, som fjærehinne, grisetang, tangdokke, blæretang, butare, remtang, sukkertare og tarmgrønske (havfruehår).
Du vil få tilsendt noko undervisningsmateriell før teorikvelden i e-post, og noko etterpå.
Me avtaler på teorikvelden om samkøyring og oppmøtestad på Golta, -i god tid før fjøre sjø. Me set av nokre timar til sjølve sanking, plukking og litt undervisning. Innan kl 18.00 reknar me med å vere ferdige. Kor lang tid me bruker er litt avhengig av vær og kor langt deltakarane ønskjer/klarer å gå.
Ta med følgande: Støvlar, saks, bøtte/spann eller pose, små poser og gjerne sankenett. Ta også med mat og drikke.
FRAMMØTE
Teoridelen onsdaf 15. mai kl.18.00 – 20.00, i Åsane Kulturhus, undervisningsrom 1120, adresse: Åsane Senter 52, 5116 Ulset
Tur ut til Golta laurdag 01. juni kl. 12.00.
PRIS
Medlemmer kr 600,-
Ikkje medlemmer kr 1000,-
Påmeldingsfrist
09.05.2024 kl 23:50