Dendrologi- og nytteveksttur til Rambjøra
Praktisk info
Dato: 20.04.24
Tidspunkt: 12:00 - 14:00
Adresse: Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Pris fra: 100 kr
Arrangementet er stengt for påmelding
Bli med Bjørn Moe og Hjørdis Longva på tur i Rambjøra!
Bli med botanikar Bjørn Moe og nyttevekstkyndig Hjørdis Maria Longva, på tur i Rambjøra landskapsvernområde og lær å artsbestemma nokre av dei vanlegaste trea, buskene og eit utval av nyttevekstene våre. Me skal sjå på viktige kjenneteikn for treslaga, som bark, vinterknoppar, bladfeste, bladform og vekstform, -og dessutan læra om kva treslag me kan forventa å finna ved gitte bonitetar som kalkrik kontra sur jord mm. Hjørdis fortel om korleis dei ulike nyttevekstane kan nyttast til mat og drikke, og kva nyttevekstar ein finn i Rambjøra og tilsvarande omgjevnadar.
Arrangementet er ope for alle og kostar kr 100 for medlemmer og 300 for andre. Påmeldingsfrist er 18. april.
Vel møtt til tur!
Oppmøtedetaljer
Frammøte: Parkeringsplassen ved Sandbrekkevegen, nord for Myravatnet.