Dendrologitur til Rambjøra

mennesker ser på plante i naturen. Foto: Hjørdis Maria Longva

Praktisk info

Dato: 03.06.23

Tidspunkt: 10:00 - 12:00

Adresse: Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Ledere

Hjørdis Maria Longva

hjordis.longva@gmail.com

Arrangementet er stengt for påmelding

Bli med botanikar Bjørn Moe på tur i Rambjøra landskapsvernområde.

Bli med botanikar Bjørn Moe på tur i Rambjøra landskapsvernområde og lær å artsbestemme nokre av de vanlegaste trea og buskene våre. Me skal sjå på viktige kjenneteikn for treslaga, som bark, bladfeste, bladform og vekstform, — og dessutan læra om kva treslag me kan forventa å finna ved gitte bonitetar som kalkrik versus kontra sur jord mm. Det er også høve til lære om ulike planter som veks i området.

På turen deltek òg Hjørdis Maria Longva, nyttevekstkyndig frå BSNF, som kan fortelje om korleis ulike artar kan nyttast til mat og drikke, og kva nyttevekstar ein finn i Rambjøra og tilsvarande omgjevnadar.

Påmeldingsfrist for arrangementet er 1. juni.

Vel møtt til tur!

Oppmøtedetaljer

Frammøte: Parkeringsplassen ved Sandbrekkevegen, nord for Myravatnet.