Drikkefermenteringskurs
Praktisk info
Dato: 07.06.26
Tidspunkt: 12:00 - 16:00
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Pris fra: 500 kr
Bestill / Meld på
Påmeldingsfrist: 05.06.2026 00:00
Lær å brygge leskande drikkar med vårens vekster!
I dette kurset vil du lære å lage deilig drikke av sesongens ville nyttevekstar. Fokus blir for det meste på brus, men me forklarer òg korleis ein kan bruke same metodar for å lage alkoholholdig drikke. Dette er lett å lære, lett å meistre, og er veldig gøy å holde på med! På kurset lærer ein litt teori, kun det ein treng for å starte. Så sankar me råvarer i lag ute, før me lager drikke av desse. Kvar deltager får laga eit villbrygg og ein villgjærstarter. Ein treng ingen forkunnskapar for å melde seg på. Kursleiar tek med seg eit ferdig «heksebrygg» av vårens blomster, som alle får smake på.
Kvar deltakar må ta med seg to glas med tettsittande lokk: eit på om lag ein halv liter og eit på rundt ein liter. Elles må ein kle seg til å vere ute.
Informasjon om kvar kurset finn stad kjem seinare, det vil vere sentrumsnært i Bergen.