Grunnkurs i nyttevekstar

Foto: Hjørdis Maria Longva

Praktisk info

Dato: 24.05.25

Tidspunkt: 12:00 - 15:00

Adresse: Muséhagen, Muséplassen, Bergen, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 10

Pris fra: 300 kr

Ledere

Arrangementet er stengt for påmelding

Lær å hauste frå naturen sitt skattkammer

På dette kurset vil ein stifte kjennskap til dei vanlegaste viltveksande grøne matplantene i norsk natur, dobbelgjengarane deira og viktige giftplanter. På kurset lærer ein kjennetegn for 10-12 ville matplanter og de vanligste giftplantene. Kurset passer alle som er interessert i natur, planter og mat og krev ingen forkunnskaper.

Kurset er delt mellom ein nettbasert teoridel, og ein praktisk tur i Musehagen og nærliggande områder. I kursprisen får ein tilgang til nettkurset levert av NSNF, med presentasjonar og øvingsmateriale. Ein må sjølv sørge for å gå gjennom teoridelen på eiga hand før ein møter opp på turen.

Kurset gjennomgår prinsipp for berekraft og sankevett, sikker identifikasjon og korleis ein kan gjenkjenne og unngå giftige forvekslingar. Kjenneteik og utsjånad, veksestad og sesong for dei viktigaste matplantene blir gjennomgått i detalj. Til slutt vil ein lære om teknikkar for sanking, oppbevaring, tilberedning og konservering for ville urter og bladgrønsaker.

Me er avhengige av nok påmeldte for at kurset vert avholdt.