Grunnkurs i nyttevekstar – AVLYST

planteutstilling med nyttevekstkort Foto: Hjørdis Maria Longva

Praktisk info

Fra: 07.05.2024 17:30

Til: 12.05.2024 15:00

Adresse: Realfagbygget, Bergen, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 7

Pris fra: 700 kr

Ledere

Hjørdis Maria Longva

hjordis.longva@gmail.com

Arrangementet er stengt for påmelding

Lær våre vanlegaste og mest velsmakande nyttevekstar å kjenne.

—AVLYST–

På dette kurset vil du få kjennskap til eit utval av dei vanlegaste viltveksande grøne matplantene i norsk natur, dobbeltgjengarane deira og viktige giftplanter.

Kurset er delt på ei økt med teori i klasserom (Tysdag 7. mai) og ein etterfølgande tur til Hordamuseet på Stend (Søndag 12.mai). Inkludert i kursprisen er også tilgang til nettkurset hos NSNF med artspresentasjonar og øvingsmateriale.

På teorisamlinga vil vi mellom anna kome inn på prinsipp for berekraft og sankevett, korleis vi går fram for å vere sikre på artsidentifikasjon og korleis vi unngår giftige forvekslingar. Vi vil gå gjennom eit utval artar meir i detalj, med fokus på utsjånad og viktige kjenneteikn, veksestad, aktuell sesong, bruksområde og eventuelle varsemdsreglar ved sanking og bruk.

Tl slutt kjem vi inn på korleis plantemateriale best kan sankast og oppbevarast, i tillegg til enkle grunnoppskrifter og konserveringsteknikkar for ville bladgrønnsaker og urter.

På turdagen til Hordamuseet på Stend og Mjelkeviken vil vi finne att mange av plantene vi har lært om i teoridelen i levande live, og kanskje nokre fleire spennande artar? Hugs å ta med niste.

Oppmøte:

Dag 1: Teori
Dato: 7. mai.
Tid: 17:30 – 20:30
Stad: Realfagsbygget, Allégaten 41, Nygårdshøyden.

Dag 2: Tur
Dato: 12. mai
Tid: 12:00 – 15:00
Stad: Hordamuseet på Stend. Oppmøte på parkeringsplassen ved Ambrosiahuset

Pris:

Kurset kostar 700,- for medlemmar og 1200,- for øvrige.
Logg inn på sida (nederst til høgre i den grønne footeren) for å få opp medlemspris. 🙂

Me tar forbehald 0m nok påmelde.

Oppmøtedetaljer

Teorisamlinga blir på Realfagsbygget, i Allégaten 41. Vi sender ut informasjon om oppmøte og korleis ein finn fram til kursdeltakarar i forkant av første kurssamling.