Grunnkurs i nyttevekstar
Praktisk info
Fra: 19.04.2023 17:30
Til: 06.05.2023 16:00
Adresse: Realfagbygget, UiB, Bergen, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Arrangementet er stengt for påmelding
Lær om velsmakande og trygge nyttevekstar i norsk natur!
På dette kurset vil du få kjennskap til nokre av våre mest velsmakande og trygge nyttevekstar, dobbeltgjengarane deira og viktige giftplanter.
Kurset er delt på to teorisamlingar (19.4 og 26.4) og ein etterfølgande tur til Ervikane i Os (6.5).
I teoridelen av kurset vil vi mellom anna kome inn på prinsipp for bærekraft og sankevett, korleis vi går fram for å vere sikre på artsidentifikasjon og korleis vi unngår giftige forvekslingar. Vi vil gå gjennom eit utvalg artar meir i detalj, med fokus på blant anna utsjånad og viktige kjenneteikn, veksestad, aktuell sesong, bruksområde og eventuelle varsemdsreglar ved sanking og bruk.
Vi kjem òg inn på framgangsmåte for sanking og oppbevaring av nyttevekstar, i tillegg til enkle grunnoppskrifter og konserveringsteknikkar.
På turdagen til Ervikane vil vi finne att mange av plantene vi har lært om i teoridelen, og kanskje nokre fleire spennande artar?
OPPMØTEDETALJAR:
Oppmøte 1. dag (TEORI)
Tid: onsdag 19. april, kl 17:30-19:30
Stad: Realfagsbygget, Allégaten 41, Bergen
Oppmøte 2. dag (TEORI)
Tid: onsdag 26. april, kl 17:30-19:30
Stad: Realfagsbygget, Allégaten 41, Bergen
Oppmøte 3. dag (TUR)
Tid: Laurdag 6. mai, kl 12:00-16:00
Stad: Ervikane, Os
PRIS
Ordinær pris: 900,-
Medlemspris BSNF: 500,-
PÅMELDINGSFRIST:
16.04.23