Fullt! GRUNNKURS SOPP, nettkurs pluss to soppturar
Praktisk info
Fra: 29.08.2023 17:30
Til: 03.09.2023 15:00
Adresse: Bergen, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Antall ledige plasser: 15
Ledere
Astrid Sandvik
Arrangementet er stengt for påmelding
Kurs for nybyrjarar, teoridelen på nett og to turar med soppsakkunnige
Kurset er fulltegnet
Teoridelen er eit nettkurs for deg som ikkje føler deg trygg nok til å plukka matsopp, eller som har førebels held deg til eit par artar. Her lærer du minst ti av dei matsoppane som er gode å starta med, og du blir også kjent med forvekslingsartar. Kurset tar i tillegg for seg dei farligaste og vanlegaste giftsoppane. Kvar art blir grundig presentert med foto, skildring og undervisningsfilm. Du får testa kunnskapane dine gjennom ulike quizar.
I tillegg til teorikurset tilbyr Bergen sopp og nyttevekstforening to spesielt tilpassa turar med soppsakkunnige Anne-Lill Oehme og Anne Døskeland som turleiarar. På turen får du sjå fleire (og meir spesielle for vestlandet) matsoppar enn dei 10 som er presenterte i nettkurset.
Turane blir tysdag 29. aug., kl 17.30 til kl 20.30 på Langeskogen og søndag 3. sept. frå kl 10.30. (Den siste turen er i kombinasjon med «Soppens dag» i Arboretet.). De som melder dykk på kurset, får melding direkte om tid og oppmøtestad.
Teorikurset får du tilgang til kort etter at me har registrert påmeldinga di og ut heile 2024. Du bør ha gjort deg kjent med teorien før du blir med på dei to spesiell turane. Noter gjerne spørsmål du har. For å bli trygg på artane, må du ut i skogen for å gjera deg kjend med soppane. Me tilrår å oppsøka fysiske kontrollar eller bruka appen Digital soppkontroll når du skal læra deg nye artar.
Pris: medlemmer kr 600,-
Ikkje medlemmer kr 950,-
(Grunnkurs sopp følger studieplan 9583)