Grunnkurs Sopp

Praktisk info
Fra: 09.09.2025 17:30
Til: 16.09.2025 20:30
Adresse: REMA 1000 FJØSANGER, Straumeveien, Bergen, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Pris fra: 800 kr
Bestill / Meld på
Påmeldingsfrist: 03.09.2025 00:00
Kurs for nybyrjarar, teoridelen på nett og to turar med soppsakkunnige
Dette er eit kurs for deg med lite eller ingen forkunnskap om sopp, men som har lyst til å lære å plukke matsopp. Teoridelen av kurset er nettbasert. Her lærer du minst ti av dei matsoppane som er gode å starta med, og du blir også kjent med forvekslingsartar. Kurset tar i tillegg for seg dei farligaste og vanlegaste giftsoppane. Kvar art blir grundig presentert med foto, skildring og undervisningsfilm. Du får testa kunnskapane dine gjennom ulike quizar.
Soppkunnskap er ikkje noko ein kan lese seg til åleine. For å bli trygg på artane, må du ut i skogen for å gjera deg kjend med soppane. I tillegg til teorikurset tilbyr Bergen Sopp- og Nyttevekstforening to spesielt tilpassa turar med sertifiserte soppsakkunnige som turleiarar. På turen får du sjå fleire (og meir spesielle for vestlandet) matsoppar enn dei 10 som er presenterte i nettkurset.
Den fyrste turen går til Langeskogen, tysdag 09.09. Me møtest på parkeringsplassen til Rema 1000 Fjøsanger kl. 17.30 og går opp i skogen derifrå.
Den andre turen er på Fløyen, tysdag 16.09. Oppmøte bak fløyfjellsrestauranten kl 17.30, ved «kongla» i treet.
Teorikurset får du tilgang til kort etter at me har registrert påmeldinga di og varer ut heile 2026. Du bør ha gjort deg kjent med teorien før du blir med på turane. Noter gjerne spørsmål du har og spør dei sakkunnige på tur.
Me tar atterhald om nok påmeldte til å arrangera kurset.
