FULLT!Grunnkurs sopp, teori-nettkurs og turar i Bergensområdet

Pixabay_illustrasjonsbilde skrubb

Praktisk info

Fra: 27.08.2024 17:30

Til: 29.08.2024 20:30

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Pris fra: 800 kr

Ledere

Arrangementet er stengt for påmelding

Kurs for nybyrjarar, teoridelen på nett og to turar med soppsakkunnige

Grunnkurset er eit kurs for deg som ikkje føler deg trygg nok til å plukka matsopp, eller som har førebels held deg til eit par artar.

Teoridelen

Her lærer du minst ti av dei matsoppane som er gode å starta med, og du blir også kjent med forvekslingsartar. Kurset tar i tillegg for seg dei farligaste og vanlegaste giftsoppane. Kvar art blir grundig presentert med foto, skildring og undervisningsfilm. Du får testa kunnskapane dine gjennom ulike quizar.

Praksis, turar og feltarbeid

I tillegg til teorikurset tilbyr Bergen sopp og nyttevekstforening to spesielt tilpassa turar med soppsakkunnige Anne-Lill Oehme og Anne Døskeland som turleiarar. På turane får du sjå fleire (og meir spesielle for vestlandet) matsoppar enn dei 10 som er presenterte i nettkurset. I tillegg bør du gå soppturar og arbeida med soppar på eiga hand

Turane blir tysdag 27. aug. og 29. aug. kl 17.30 til kl 20.30. Du blir også utfordra til å sjå sopputstillinga på Soppens dag på Arboretet den 1. sept. De som melder dykk på kurset, får melding direkte om tid og oppmøtestad.

Teorikurset får du tilgang til kort etter at me har registrert påmeldinga di og ut heile 2025. Du bør ha gjort deg kjent med teorien før du blir med på dei to spesielle turane. Noter gjerne spørsmål du har. Me tilrår å oppsøka fysiske kontrollar eller bruka appen Digital soppkontroll når du skal læra deg nye artar.

Pris: medlemmer kr 800,-

Ikkje-medlemmer kr 1100,-

(NB: Du må logge deg inn nederst på sida for å få opp medlemspris ved påmelding.)

(Grunnkurs sopp følgjer studieplan 9583)

Me tar atterhald om nok påmeldte til å arrangera kurset.