Hausttur til Eidfjord
Praktisk info
Fra: 22.09.2023 17:00
Til: 24.09.2023 12:00
Adresse: Vøringfoss Hotel, Ostangvegen, Eidfjord, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Ledere
Hjørdis Maria Longva
Arrangementet er stengt for påmelding
Bli med på sosial helgetur med andre soppinteresserte til Eidfjord.
PÅMELDINGSFRIST UTSETT TIL 19. AUGUST
Sopp- og nyttevekstforeningen sin årvisse langtur går i år til Eidfjord. Alle medlemmar er hjarteleg velkomne til å bli med. Vi bruker helga til å utforske området, plukke sopp, studere nye artar og vere sosiale.
Eidfjord har nydeleg natur, og ikkje minst eit stort artsmangfold å lokke den soppinteresserte med. Tre område vi kan utforske er til dømes eitt nede ved fjorden, eitt i Øvre Eidfjord (platå med sand, morene og elveavsetning fra istida) og Sysendalen (furu og fjellbjørkeskog).
Fredag kveld blir det velkomstsamling og presentasjon av aktuelle turar dagen etter. Laurdag legg vi ut på sopptur etter frukost og møtest att på ettermiddagen for å artsbestemme og lage ei utstilling med artane vi finn. På kvelden blir det ein betre middag på hotellet. Søndag runder vi av programmet før lunsjtider slik at alle har god tid til returen, og om ynskjeleg eit ekstra “sopp-stopp” på heimvegen.
- Pris enkeltrom fre-søn kr 4740,-
- Pris per person i dobbeltrom fre-søn kr 4140,-
Forutan overnatting på Hotell Vøringfoss inkluderer billetten frukost, nistepakke laurdag og søndag, enkel middag ved ankomst fredag kveld og ein 3-retters middag laurdag kveld. Du kan velje mellom kjøtt, fisk eller vegetarmeny ved påmelding. Vi ber også om at du oppgir eventuelle diettrestriksjonar.
Eidfjord ligg ca 2,5 timar å køyre frå Bergen. Vi satsar på å koordinere samkøyring.
OBS: Påmeldingsfrist utsatt. Ny frist for bindande påmelding: laurdag 19. august.
Begrensa antall plasser (ca 25 rom).