Julemøte på Nøsteboden
Praktisk info
Dato: 27.11.23
Tidspunkt: 18:00 - 23:00
Adresse: Nøsteboden, Nøstegaten, Bergen, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Ledere
Hjørdis Maria Longva
Arrangementet er stengt for påmelding
Alle medlemmar er hjarteleg velkomne til julemøte 27.11.
Vi ynskjer alle medlemmar hjarteleg velkomne til vårt tradisjonelle julemøte måndag den 27. november. På programmet står føredrag, god mat og drikke, lotteri og hygge. Vel møtt!
Pris: 600,-
Påmelding skjer via deltager.no
Påmeldingsfrist: 16. november.
Første post på programmet for kvelden er eit føredrag med Åge Oterhals og Andrea Bender: «Fra Hisdalen til Hellas: Feltmykologer på skattejakt.»
Etter føredraget kjem det mat på bordet! Menyen i år er rosasteikt andebryst servert med sylta raudlauk, søtpotetpuré, sopp, nepe og spinat, samt timianpoteter og raudvinsglace. Til dessert blir det sjokkoladeterrin med bringebær og sjokkoladesnø. Eit glas øl, vin, eplemost eller anna valfri drikke til maten er inkludert i billetten. Hugs å oppgi eventuelle diettrestriksjonar og/eller allergiar i påmeldingsskjemaet.
I løpet av kvelden blir det loddsal og trekning. Foreninga stiller med nokre premiar, men det har òg vore tradisjon for at medlemmane stiller med premiar av ymse slag. Bidrag kan leverast i døra ved ankomst. Tusen takk!
Dørene opnar 17:40. Vi reknar med at programmet er ferdig til seinast kl. 22.00, men det er høve til å bli sitjande lengre for den som har lyst til det.
Oppmøtedetaljer
Adresse: Nøsteboden, Nøstegaten 32 (Like ved Hurtigruteterminalen).
Parkering: Europark Jekteviken eller Klostergarasjen.