Julemøte på Nøsteboden

Praktisk info

Dato: 25.11.24

Tidspunkt: 18:00 - 22:00

Adresse: Nøsteboden, Nøstegaten, Bergen, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Pris fra: 500 kr

Ledere

Hjørdis Maria Longva

hjordis.longva@gmail.com

Lise Blomberg Møllevik

99572082

lise.mollevik@gmail.com

Påmelding

Dette arrangementet er kun for medlemmer, logg inn for å melde deg på

Alle medlemmar er hjarteleg velkomne til årets julemøte 25.november.

Vi ynskjer alle medlemmar hjarteleg velkomne til vårt tradisjonelle julemøte måndag den 25. november. På programmet står fagleg påfyll, god mat og drikke, lotteri og hygge. Vel møtt!

Pris: 500,-
Hugs å logge deg inn på nettsida for å få opp rett billettpris.
Påmeldingsfrist: 10. november.

Første punkt på programmet er eit føredrag ved Anders Lundberg:

Høgdepunkt i Bergensnaturen

Naturen i Bergen finst midt i blant oss, både i sentrum, i bydelane, på Vidden og på Gullfjellet. Plantene har tilpassa seg regnveret, soppen likeeins, og fugle- og dyrelivet er variert og mangfaldig. I foredraget får du møte ein fugl som rasar gjennom sentrumsgatene i 350 km/t, me skal helse på droger som munkene dyrka i klosterhagane i Bergen i mellomalderen – dei veks framleis i smitt og smau – og me skal møte lysskye fuglar og dyr i skogen som få har sett.

Anders Lundberg (f. 1953) er professor emeritus i geografi ved Universitetet i Bergen. Hans fagfelt er biogeografi, økologi, naturforvaltning, miljøplanlegging, kulturlandskap, historisk geografi og kartografi. Han er aktiv i Norsk botanisk forening, og har i mange år vore leiar av BioFoto Hordaland. Lundberg er aktuell med boka Bergen, naturlegvis! (August, 2024)

***

Etter føredraget kjem det mat på bordet! På menyen står rosasteikt andebryst servert med sylta raudlauk, søtpotetpuré, sopp, nepe og spinat, samt timianpoteter og raudvinsglace. Til dessert blir det ostekake med marinerte bær og sjokolade. Drikke er ikkje inkludert, men kan kjøpast i baren etter eige ynskje.

OBS: Vennligst oppgi eventuelle diettrestriksjonar (veganer, pescetarianer…) eller allergiar i kommentarfeltet ved påmelding.

I løpet av kvelden blir det loddsal og trekning. Foreninga stiller med nokre premiar, men det har òg vore tradisjon for at medlemmane stiller med premiar av ymse slag, noko vi håper å vidareføre også i år. Bidrag kan leverast i døra ved ankomst. Tusen takk!

Dørene opnar 17:40. Vi reknar med at programmet er ferdig ca kl. 22.00, men det er høve til å bli sitjande lengre for den som har lyst til det.

Oppmøtedetaljer

Adresse: Nøsteboden, Nøstegaten 32 (Like ved Hurtigruteterminalen).
Parkering: Europark Jekteviken eller Klostergarasjen.