Kurs for nyttevekstsakkundige
Praktisk info
Fra: 12.03.2026
Til: 31.12.2026
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Pris fra: 1500 kr
Ledere
Line Kydland
Simen Hellesund
Bestill / Meld på
Påmeldingsfrist: 31.03.2026 00:00
Bli ekspert på nyttevekstar
Dette kurset er Noregs Sopp- og Nyttevekstforbund si høgaste utdanning innan nyttevekstar. Deltakarane på kurset vil få inngåande kunnskap om viltveksande matplanter i norsk natur og om dei giftige dobbelgjengarane deira. Dette omfattar om lag 130 plantar, fordelte på 35 slekter. Kurset gir og ei innføring i etnobotanikk og korleis desse plantene har vorte brukt gjennom tidene.
Kurset består av ein teoridel og ein praktisk del. Teoridelen er føregår på nett, i regi av Noregs Sopp- og Nyttevekstforbund. Som deltakar i kurset får ein tilgang til kursportalen med mykje godt undervisningsmateriell, og ein får delta på digitale samlingar på Zoom. Meir informasjon om teoridelen av kurset finn du her.
I den praktiske delen av kurset skal ein ut i naturen for å studere plantene på nært hald. Det er planlagt tre turar i løpet av mai. Ein tur til Musehagen i Bergen, ein tur til Hordamuseet på Stend, og ein til Ervikane i Bjørnafjorden for å studere strandplanter. Meir informasjon og tidspunkt for desse turane kjem etter kvart.
Dersom ein allereie er påmeld det digitale kurset i regi av forbundet, kan ein ta kontakt for å få delta på den praktiske delen til rabattert pris.
Kurset er eksamensførebuande og kandidatar kan melde seg på ein munnleg prøve i juni for å bli sertifiserte nyttevekstkundige.