Kurs for soppsakkundige

Praktisk info

Fra: 01.08.2026

Til: 31.12.2027

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Pris fra: 1500 kr

Ledere

Bestill / Meld på

Påmeldingsfrist: 01.08.2026 00:00

Bli soppekspert!

Dette kurset er Noregs Sopp- og Nyttevekstforbund si høgaste utdanning innan soppkunnskap. Deltakarane på kurset vil få inngåande kunnskap om matsoppar og giftsoppar i norsk natur. Deltakarane vil lære å kjenne igjen artane og slektene på pensumlista, som inneheld om lag 150 artar.

Kurset består av ein teoridel og ein praktisk del. Teoridelen er føregår på nett, i regi av Noregs Sopp- og Nyttevekstforbund. Som deltakar i kurset får ein tilgang til kursportalen med mykje godt undervisningsmateriell, og ein får delta på digitale samlingar på Zoom. Meir informasjon om teoridelen av kurset finn du her.

I den praktiske delen av kurset skal ein ut i skogen og studere pensumartane på nært hald saman med ein sertifisert soppsakkundig lærar. Det er planlagd tre turar i løpet av kurset. Meir informasjon og tidspunkt for desse kjem seinare

Kurset er eksamensførebuande og kandidatar kan melde seg på ein munnleg prøve i juni for å bli sertifiserte soppsakkundig. Med denne sertifiseringa kan ein stå på soppkontroll.

Prisen for kurset inneheld den digitale kurstilgongen, ein fysisk kopi av kurskompendiet og plass på turane. Dersom ein allereie er påmeld det digitale kurset i regi av forbundet, kan ein ta kontakt for å få delta på den praktiske delen til rabattert pris.