Kurs i bruk av tang og tare til mat

Praktisk info

Fra: 14.03.2024 18:00

Til: 01.06.2024 18:00

Adresse: Åsane Senter 52, 5116 Ulset, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 13

Pris fra: 600 kr

Ledere

Arrangementet er stengt for påmelding

Bli kjent med ulike tang- og taresortar i lag med Irene Evensen

Kurset er todelt, med teori torsdag 14. mars på Åsane kulturhus, og tur ut til Golta laurdag 1. juni.

Kurset følgjer studieforbundet sutt fagkurs nr 416.

Teoridelen fortel kva me skal sjå etter og rekna med å finne av ulike vekstar, som fjærehinne, grisetang, tangdokke, blæretang, butare, remtang, sukkertare og tarmgrønske (havfruehår).

Du vil få tilsendt noko undervisningsmateriell før teorikvelden i e-post, og noko etterpå.

Me avtaler på teorikvelden om samkøyring og oppmøtestad på Golta, -i god tid før fjøre sjø. Me set av nokre timar til sjølve sanking, plukking og litt undervisning. Innan kl 18.00 reknar me med å vere ferdige. Kor lang tid me bruker er litt avhengig av vær og kor langt deltakarane ønskjer/klarer å gå.

Ta med følgande: Støvlar, saks, bøtte/spann eller pose, små poser og gjerne sankenett. Ta også med mat og drikke.

 

FRAMMØTE

Teoridelen torsdag 14.mars kl.18.00 – 20.00, i Åsane Kulturhus, undervisningsrom 1120, adresse: Åsane Senter 52, 5116 Ulset

Tur ut til Golta laurdag 01. juni kl. 12.00.

 

PRIS

Medlemmer kr 600,-

Ikkje medlemmer kr 1000,-

 

Påmeldingsfrist

08.03.2024 kl 23:50