Kurs om bruk av tang og tare
Praktisk info
Fra: 25.05.2023 18:00
Til: 29.05.2023 14:00
Adresse: Åsane Kulturhus, Åsane Senter 52, 5116 Ulset, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Ledere
Irene Evensen
Arrangementet er stengt for påmelding
Bli kjent med ulike tang- og taresortar i lag med Irene Evensen
Kurset er todelt, med teori torsdag 25. mai og tur ut måndag 29. mai.
Teoridelen torsdag 25. mai kl.18.00 – 20.00, i Åsane Kulturhus, undervisningsrom 1120, adresse: Åsane Senter 52, 5116 Ulset
Tur ut til Golta måndag 29. mai (2. pinsedag) kl. 12.00.
Teoridelen fortel om kva me skal sjå etter og rekna med å finne av ulike vekstar, som fjærehinne, grisetang, tangdokke, blæretang, butare, remtang, sukkertare og tarmgrønske (havfruehår).
Du vil få tilsendt noko undervisningsmateriell før teorikvelden i e-post, og noko etterpå.
Me avtaler på teorikvelden om samkøyring og oppmøtestad på Golta, -i god tid før fjøre sjø. Me set av nokre timar til sjølve sanking, plukking og litt undervisning. Innan kl 17.00 reknar me med å vere ferdige. Kor lang tid me bruker er litt avhengig av vær og kor langt deltakarane ønskjer/klarer å gå.
Ta med følgande: Støvlar, saks, bøtte/spann eller pose, små poser og gjerne sankenett. Ta også med mat og drikke.
FRAMMØTE
Teoridelen torsdag 25. mai kl.18.00 – 20.00, i Åsane Kulturhus, undervisningsrom 1120, adresse: Åsane Senter 52, 5116 Ulset
Tur ut til Golta måndag 29. mai (2.pinsedag) kl. 12.00.
PRIS
Medlemmer kr 500,-
Ikkje medlemmer kr 900,-
Påmeldingsfrist
18.05.2023 kl 18:00