Kurs: Soppmikroskopering, – kun for medlemmer

Praktisk info

Fra: 04.11.2023 10:00

Til: 05.11.2023 18:00

Adresse: Slåtthaugvegen 26, Nesttun, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Ledere

Påmelding

Kurs i soppmikroskopering, leia av Åge Oterhals

Åge Oterhals leiar kurset i soppmikroskopering. På kurset lærer ein å stilla inn eit mikroskop og laga gode preparat og ein lærer om kjemiske reagensar. I tillegg blir det gjennomgang av mikroskopiske karakterar som sporetypar, cystidar, basidiar og hattstrukturar. Kursdeltakarane skal bli i stand til å nytta eit mikroskop for soppidentifisering. I tillegg skal deltakarane læra å kjenna dei viktigaste soppslekter mikroskopisk for å kunna identifisera ved soppforgiftningar. Kursdeltakarane kan følga teori og praktisk arbeid via skjerm tilknytta kursleiar sin pc og mikroskop. Kursleiar bistår kvar deltakar under praktisk mikroskopering.

Målgruppa er soppinteresserte med interesse for bruk av mikroskop og artsfastsetting, soppsakkunnige og næringsmiddelinspektørar.

Kurset vert eit helgekurs, -laurdag-søndag 4-5 november frammøte kl 10.00 begge dagane (totalt 15 timar) og føl Studieforbundet Natur og miljø sin kursplan 1797: https://www.naturogmiljo.no/studieplaner/1797.

Alle vil få eige mikroskop til disposisjon.

Stad: Heime hos kursleiar, Slåtthaugvegen 26, Nesttun, Bergen

Kurset kostar kr 1000,-

Maks tal deltakarar: 7, minimum 3