Nyttevekstkurs på tur: Ervikane

Foto: Hjørdis Maria Longva

Praktisk info

Dato: 26.05.24

Tidspunkt: 11:00 - 15:00

Adresse: 584P+CF Nordstrøno, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 14

Pris fra: 100 kr

Arrangementet er stengt for påmelding

Bli med på dagstur til Ervikane og lær om ville nyttevekstar.

Målet for turen er å bli kjent med viltveksande mat- og nytteplanter i området, lære korleis ein går fram for trygg artsidentifikasjon, prinsipp for bærekraftig sanking og praktisk framgangsmåte for sanking.

Turen byrjer med ein kort introduksjon til sanking, og nokre viktige grunnprinsipp vi bør følgje når vi haustar frå naturen. Vidare vil vi gå i samla flokk, og turleiarane stoppe ved arter av interesse etter tur og vise viktige kjenneteikn, forklare om planta sin livssyklus, om den har giftige forvekslingsarter ein bør være merksam på, når og korleis det er best å sanke den, og litt om typiske bruksområde.

Sidan dette er ein heildagstur, vil det vere god tid til spørsmål og meir utfyllande svar, og vi vil også legge opp til ei økt med sanking, og gjennomgang av nokre vanlege metodar for tilberedning og konservering.

Ta gjerne med niste til felles matpause.

Her er lenke til kart over området og områdeskildring.

Utstyr:

Fint om deltakarar tek med kniv/saks, samt nokre behaldarar til å samle plantemateriale i. Boksar med lokk, eller større zip-poser er godt egna.

Oppmøtedetaljer

Oppmøte på parkeringsplassen for Ervikane i Lønnevågvegen. Ta til høgre når de kjem over Strønebrua. Derfrå er det ca. 5 min. å køyre før de kjem til parkeringsplassen.