[AVLYST] AVLYST Nyttevekstkurs på tur: Villblomstens dag

mennesker ser på plante i naturen. Foto: Hjørdis Maria Longva

Praktisk info

Dato: 16.06.24

Tidspunkt: 11:00 - 15:00

Adresse: Myrdalsvatnet, Totlandsvegen, 5226 Bergen, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 13

Pris fra: 100 kr

Ledere

Hjørdis Maria Longva

hjordis.longva@gmail.com

Arrangementet er stengt for påmelding

Bli med på dagstur til Myrdalsvatnet og lær om nyttevekstar.

Målet for turen er å bli kjent med viltveksande mat- og nytteplanter i området, lære korleis ein går fram for trygg artsidentifikasjon, prinsipp for bærekraftig sanking, og praktisk framgangsmåte.

Turen byrjer med ein kort introduksjon til sanking, og nokre viktige grunnprinsipp vi bør følgje når vi haustar frå naturen. Vidare vil turleiarane stoppe ved arter av interesse etter tur og vise viktige kjenneteikn, forklare om planta sin livssyklus, om den har giftige forvekslingsarter ein bør være merksam på, når og korleis det er best å sanke den, og litt om typiske bruksområde i mat og drikke.

Sidan dette er ein heildagstur, vil det vere god tid til spørsmål og meir utfyllande svar, og vi vil også legge opp til ei økt med sanking, og gjennomgang av nokre vanlege metodar for tilberedning og konservering.

Ta gjerne med niste og drikke til felles matpause.

Utstyr:  Det er fint om deltakarane tek med ei saks eller eventuelt ein liten kniv, samt nokre behaldarar til å samle plantemateriale i. Boksar med lokk, eller større zip-poser er godt egna.

Oppmøtedetaljer

Oppmøtestad er på parkeringsplassen for Myrdalsvatnet, som ligg i Totlandsvegen. Sjå markering på kartet.