Nyttevekstsafari på Slettebakken

Praktisk info
Dato: 15.08.23
Tidspunkt: 17:00 - 18:30
Adresse: Nattlandsveien 163, 5081 Bergen, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Pris fra: Gratis
Ledere
Hjørdis Maria Longva
Arrangementet er stengt for påmelding
Vi ser etter nyttevekstar i den nyetablerte Matskogen på Slettebakken.
I samarbeid med Slettebakken bærekraftige liv inviterer vi til nyttevekstsafari med utgangspunkt i den nyetablerte Matskogen på Birkelundstoppen. Naboar, frivillige og alle andre interesserte er hjarteleg velkomne.
På turen ser vi etter viltveksande mat- og nytteplanter i området. Turleiaren stoppar opp ved artar av interesse etter tur og fortel om viktige kjenneteikn, eventuelle forvekslingsfarer, når/korleis det er best å sanke artane, og litt om typiske bruksområde i mat og drikke. Vi vil ellers òg kome inn på prinsipp for bærekraftig sanking, og praktiske råd for handtering og sanking av planter.
Det er ikkje lagt opp til sanking i store volum på denne turen, men det vil absolutt vere høve til å plukke med seg nokre “smaksprøver” heim for den som ynskjer det.
Oppmøtedetaljer
Vi møtest i Matskogen, som ligg ved grusveien rett på nedsida av Birkelundsbakken/Nattlandsveien.