Nyttevekstsafari til Ormhilleren

Praktisk info
Dato: 12.08.23
Tidspunkt: 12:00 - 14:30
Adresse: Ormhilleren, Pålsneset, Rong, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Pris fra: Gratis
Ledere
Arrangementet er stengt for påmelding
Bli kjent med seinsommarens nyttevekstar og strandartar.
Velkommen med på nyttevekstsafari til Ormhilleren. Området har innslag av både lynghei, grassletter, svaberg og strandsone, og husar eit rikt artsmangfold med mange nyttevekstar.
Turleiarane stoppar opp ved artar av interesse etter tur og fortel om viktige kjenneteikn, kva eventuelle forvekslingsarter ein bør vere obs på, når/korleis det er best å sanke plantene og litt om typiske bruksområde i mat og drikke. Vi vil ellers òg kome inn på prinsipp for bærekraftig sanking og praktiske råd for handtering og oppbevaring av planter.
Vi legg ikkje opp til sanking i store volum på turen, men det er absolutt høve for å plukke med seg nokre smaksprøver heim for den som ynskjer det.
Oppmøte: Parkeringsplassen til friområdet. Det går buss fra Bergen busstasjon. Næraste stopp er «Rogn».
Påmelding: Turen er open for alle og gratis, men vi ynskjer at deltakarar melder seg på for å ha litt oversikt for kor mange vi blir og praktisk planlegging.
Oppmøtedetaljer
Oppmøtestad er parkeringsplassen til friluftsområdet.
