[AVLYST] Sanke- og matlagingstur til Fløyen

Praktisk info

Dato: 11.05.25

Tidspunkt: 11:00 - 17:00

Adresse: Asylplassen, Bergen, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 15

Pris fra: 500 kr

Ledere

Arrangementet er stengt for påmelding

Skogen bugner av økologiske delikatesser! Lær deg å bruke dei!

På denne turen startar me i sentrum og sanker nyttevekster undervegs på ein tur opp til Fløyen. Når me kjem opp til vindpilen, låner me kjøkenet i Granebo Naturbarnehage, og lager mat av fangsten.

Turen startar på asylplassen og går opp Skansemyren og Fjellvegen, via Tippetuen til Værpilen ved barnehagen. Turen er på omtrent 3 km. Det er ein del bakkar på turen, men me kjem til å ha eit roleg tempo med mange pausar undervegs. 

Når me finn nyttevekstar undervegs, skal me sjå nærmare på kjenneteikn, sankemåte og nytteverdi av desse. Når ein kjem opp til barnehagen så bruker ein den fangsten ein fann på vegen opp til å lage eit felles måltid med fleire rettar. Me lager smaksprøvar, som ein neppe blir mette av, så ta med eigen niste og drikke på turen.

Det er tilgang til toalett i barnehagen.