Soppkurs for vidarekomne

Praktisk info
Fra: 26.08.2025 17:30
Til: 07.09.2025 16:00
Adresse: Øvre Kråkenes 27, 5152 Bønes, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Pris fra: 800 kr
Bestill / Meld på
Påmeldingsfrist: 18.08.2025 00:00
Soppkurs for vidarekomne
Dette er eit kurs for deg som allereie har grunnleggande soppkunnskap. Deltakarane i dette kurset vil få grunndig kjennskap til dei viktigaste slektene av storsoppar, slik som kremler, risker, sjampinjongar. I alt vil ein knyte kjennskap til om lag 35 nye artar.
Teoridelen av kurset foregår på nett. Dette kurset får du tilgang til kort tid etter påmelding. Her finn du resursar som videoar, bilete og kvissar. Tilgangen til kurset varer ut heile 2026.
Soppkunnskap er ikkje noko ein kan lese seg til åleine. Ein må ut i skogen og møte soppane på nært hold. I løpet av kurset skal du difor ut på to turar, med ein sertifisert soppsakkyndig som turleiar. Du bør ha gjort deg kjent med teorien før du blir med på turane.
Den fyrste turen går til Langeskogen tysdag 26.08. Oppmøte på parkeringsplassen på Øvre Kråkenes (sjå kart) kl.17.30.
Den andre turen går til Arboretet på Milde, sundag 07.09. Oppmøte på Dalsmyra parkeringsplass kl. 11.00. Denne dagen vert soppens dag arrangert i Arboretet. Me avsluttar difor turen med å sjå på ei flott sopputstilling på Blondehuset.
Me er avhengige av nok påmeldte for å arrangere kurset.
