Soppkurs for vidarekomne
Praktisk info
Fra: 04.09.2023 18:00
Til: 10.09.2023 17:00
Adresse: Ytrebygda skole, Skagevegen, Blomsterdalen, Norge
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Ledere
Astrid Sandvik
Arrangementet er stengt for påmelding
Soppkurs for vidarekomne
Vidaregående kurs (påbygningskurs) i soppkunnskap
Dette er eit soppkurs for vidarekomne, med undervisning i møtelokale og soppturar inkludert.
Kursleiarar er Anne-Lill Oehme og Anne Døskeland og møtelokalet er på Ytrebygda skole, Skagevegen, Blomsterdalen.
Det blir teori måndag 4. sept, sopptur tysdag 5. sept. og teori onsdag 6. sept, -3 t. kvar kveld
frå kl.18 til 21. Søndag 10.sept. blir det ein lang sopptur på 5-7 t.
På dette kurset vil deltakarane få kjennskap til nøkkelkarakterar (oppbygging, økologi og sporepulverfarge) innan dei viktigaste slektene og familiane av storsoppar.
Deltakarane bør ha tatt grunnkurs i soppkunnskap eller ha tilsvarande førkunnskap før kurset.
Pris medlem kr 750
Pris ikkje medlem kr 1000