Soppsakunnigkurs, teori digitalt og turar i Bergen
Praktisk info
Fra: 06.08.2024 19:00
Til: 24.09.2024 20:30
Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening
Region: Vestland
Pris fra: 2000 kr
Ledere
Astrid Sandvik
Arrangementet er stengt for påmelding
Digital teori og fagleg oppfølging med turar i Bergensområdet
Ta teorien på nett – Praksisdelen blir i Bergen
Kurset er for deg som er trygg på ein del soppar og ønsker å læra meir. Gjennomført kurs gir deg høve til å ta prøve for soppsakkunnige. Etter bestått eksamen blir du soppsakkunnig og Bergen sopp og nyttevekstforening ønskjer deg velkomen som soppkontrollør og aktiv deltakar på arrangementa.
Kurset er ein kombinasjon av nettundervisning og feltarbeid i Bergen. Pensumlista for soppsakkunnige består av kring 130 slekter og arter av sopp.
Kompendium er inkludert i kursavgifta som er kr 2000 for medlemmer og kr 3000 for ikkje medlemmer.
Sjå studieplan for detaljert innhald: https://www.naturogmiljo.no/studieplaner/9590
Del 1 Teori (20 timer):
Det digitale teorikurset inkluderar kring 20 timer med undervising, -kvar tysdag frå kl 19.00 til 21.00 frå 6. august til 17. september 2024. I tillegg får du tilgang til nettkurset ut heile 2025 der kan du studera alle pensumsoppane og finna opptak av all undervisinga. Nettundervisinga er arrangert av Norges sopp- og nyttevekstforbund.
Teorikurset vil gje deg det teoretiske grunnlaget for å gjennomføra feltarbeidet.
Del 2 – Praksis (ca 20 timer):
Hovedaktiviteten i den praktiske delen er å jobba med å bestemma art- og slektsoppar på pensumlista. Deltakarane blir med på tre soppturar lagt til rette for kursdeltakarane. Turane vert i lag med soppsakkunnige Anne-Lill Oehme og Anne Døskeland desse datoane: 28. aug., 11. sept og 24. sept., – alle dagar frå kl I7.30 til 20.30. Du vil få nærare informasjon om feltarbeid og oppmøtestadar. I tillegg vert det tur for soppsakkunnige og kandidatar i Arboretet 14.08. Søndag 1. september er det Soppens dag på arboretet der du kan studera den flotte utstillinga (med mange pensumartane). Me tilrår deg dessutan å delta på dei opne turane og kontrollane våre som ligg i kalendaren vår og å bruka appen Digital soppkontroll når du skal læra deg artar. BSNF har måndagsmøte, der de alltid er velkomne. Me ønskjer å følga dykk opp og få dykk inn i aktivitetane våre! Soppsakkunnige deltar på møta og de får tilgang på fagkunnskapen, -det er viktig å koma inn i soppsakkunnig-miljøet! Snakk gjerne med kurshaldarane om dette.
Meld deg på kurs i god tid før kursstart! Du får kompendiet og tilgong til nettkurset kort tid etter at du har meldt deg på.