Tang- og tarekurs

Foto: Hjørdis Maria Longva

Praktisk info

Fra: 30.04.2025 18:00

Til: 04.05.2025 14:00

Adresse: Ormhilleren, Primær Fylkesvei 561, Rong, Norge

Forening: Bergen sopp- og nyttevekstforening

Region: Vestland

Antall ledige plasser: 9

Pris fra: 600 kr

Ledere

Arrangementet er stengt for påmelding

Bli kjent med tang og tare

Visste du at tang og tare er nokre av dei mest næringsrike plantene på jorda? Og her på Vestlandet har me gode moglegheiter til å sanke langs kysten. Kom og bli med på tang- og tarekurs med Irene Evensen, som har brukt tang og tare i fleire år og som er ein erfaren kursholdar.

Kurset består av ein teoridel på Åsane kultuhus onsdag 30.04, og så ein sanketur til Ormhilleren sundag 04.05.  På teorikvelden deler Irene av kunnskapen sin om mange ulike artar tang og tare, slik at de kan bli kjent med dei før me skal ut og sanke. Det blir smaksprøvar, både ferske, sylta og tørka. Sundag 4. mai møtes me på Ormhilleren for å sanke i fjæra og identifisere det me har lært om.

På kurset får ein innføring i korleis ein skal kjenne igjen dei mest vanlege sortane tang og tare. Ein lærer om bærekraftig sanking, konservering (tørking, frysing, sylting, fermentering) og næringsverdi, samt tips og triks til matlaging. Alle som deltar på kurset får tilsendt presentasjonen som blir brukt, tips og oppskrifter samt plansjer. Ein treng ingen forkunskapar for å melde seg på kurset.

Til turdelen må ein ha med støvlar, noko å sanke i (bøtte, pose eller sankenett), saks eller kniv til å skjære tangen med, samt mat og drikke.

Me er avhengige av nok påmeldte for at kurset blir gjennomført.